Gylne Dropar
Apal Sideri produserar frisk og fruktig eplejus og eplesider på Sæbø i Hjelmeland kommune.
Meir om ossSkvist
Me har laga denne eplejusen slik at du skal ha noko ekstra godt i glaset når du nyt noko alkoholfritt. Epla gjer sitt. Handverket gjer resten. Me vil påstå at den passar til kva som helst!
Skvist er ein frisk og syrlig eplejus laga av modne Aroma- og Karin Schneider-eple. Lett musserande.
Eris
Det er fortalt mang ei historie på Sæbø gard. Ei av desse historiene, som etter sigande vart fortalt av ein omflakkande skreddarsvenn på jakt etter tak over hovudet, er historia om Eris. Det er jo kanskje ikkje historia du alltid tar fram i festleg lag, eller når du treff ein engelskmann i New York. Men om du skulle treffe på ein grekar derimot, då blir det annleis. For i gresk mytologi er Eris gudinna for usemje. For oss ville ikkje det ha spelt så stor rolle, hadde det ikkje vore for at Eris starta trojankrigen på ein litt spesiell måte; ved å kaste eit gyllent eple med påskrifta «til den vakraste» inn blant gudane på eit festmåltid. Ho fekk aldri smakt sideren vår, den gode Eris, men namnet sitt på den fekk ho.
Sideren er laga av Gravenstein og Discovery. Han er frisk og knysktørr, med god fylde og lang smak. Integrert preg av humle gir ein anelse bitterheit i avslutninga.
Sølvsider
Kloster dukkar stadig opp i historia når det handlar om drykk. Me kjenner ikkje til nokon kloster i Sæbø-traktene, men likevel har historia vår eit hint av kloster i seg. For i 1769, 160 år før metalldetektoren blei oppfunnen, gjekk fru Dahl tur rundt på Sæbø. Med sitt ørneblikk oppdaga ho ikkje mindre enn seks halsringar i sølv frå sjølve vikingtida. Sølvet, vil me tippe, vart nok røva frå eit kloster i Wales-traktene. Det var jo ganske typisk for vikingane å gjere noko slikt.
Fru Dahl mottok aldri finnarlønn for sitt funn. Men for å hylle hennar bragd for ettertida, har me laga Sølvsider. Han er basert på eplesortane Aroma og Summerred, som har vakse i området der ringane vart funne.
Sølvsider har ein fyldig og konsentrert smak med tørr utgang. Frisk syre og faste bobler gir ein lett kremete munnkjensle. Smaken av solmodne, gule eple sit i lenge.
Passar godt til skalldyr og fisk.
Kompani
70-talet var ei interessant tid. Ikkje det 70-talet som gav oss slengbuksa og lange snippar. Nei, me snakkar om 1770-talet. Det var på den tida Napoleon Bonaparte lærte seg å gå.
Samstundes, i dei slake liene i Sæbø-traktene, samla modige bondesoldatar seg for å danne 1. ryfylkske kompani. Dei heldt seg stort sett på denne eksersisplassen, dette kompaniet. Dei kjempa nok korkje for eller mot Napoleon nokre år seinare.
Så til minne om brorskapet og alt bondevettet som fann stad akkurat her, har me laga sideren Kompani. Ein rosésider der eplesorten Aroma møter litt bringebær i miks. Smaken er tørr, men med god fruktkonsentrasjon og eit touch av restsødme.
Produkt 4/5
Sidersmaking
Apal Eksklusiv
Stikk innom
Julebord
Utdrikningslag
Sidersmaking
Sidersmaking med omvisning på sideriet
Smaking av ulike siderar sammen med smaksprøver av lokale råvarer, og forteljing av historia om garden.
Varigheit: ca. 2 timar
Gruppestorleik: 2–30 personar
Pris: kr 1990,- + 500,- per person
Apal Eksklusiv
Apal Eksklusiv
Privat omvisning med smaking av sider, lokale rettar og garden si historie på menyen.
Varigheit: Ca. 2 timar
Gruppestorleik: 2–30 personar
Periode: mai-desember 2024
Pris: Kr 1.990 + kr 500 per person
Stikk innom
Stikk innom
Me har drop-in kvar laurdag frå 13.00-18.00. Dette gjeld frå juni til august, for då er det ekstra fint å sitje ned og betrakte Hjelmelandsfjorden med ein leskande sider i glaset.
Julebord
Endeleg opnar me for booking av julebord med skreddarsydd opplegg som passar dine behov! Apal Sideri tilbyr eit julebord som kombinerer det beste av norske juletradisjonar med vår eigen unike vri. Gjestene våre kan forvente ei varm og innbydande atmosfære, der dei kan nyte god mat og drikke i lag med vener eller kollegaer.
Pris på førespurnad (avhengig av vald opplegg).
Kontakt oss for booking, så planlegg me opplegget for deg.
Maks. 24 personar
Transport kan arrangerast ved behov
Utdrikningslag
Apal Sideri tilbyr eit unikt og fleksibelt opplegg for utdrikningslag, som gjev ei balansert blanding av moro, avslapping og delikate matopplevingar. Arrangementet kan tilpassast for å imøtekome spesifikke ønskje frå brudeparet og gjestene, og me tilbyr ei rekkje underhaldningsopplevingar for å skape ei minneverdig feiring.
Pris på førespurnad (avhengig av vald opplegg).
Kontakt oss for booking, så planlegg me opplegget for deg.
Maks. 24 personar
Transport kan arrangerast ved behov
Apal Stova
Vårt unike lokale, sentralt på Hjelmeland, kan leigast. Me har målt og testa, og funne ut at 32 personar er nok maks. Lokala vert kun leigde ut til alkoholfrie arrangement.
Ellers kan ein booke Apal Stova med skreddarsydd opplegg til mellom anna julebord og utdrikningslag! Les meir på opplevingar eller: