Eplejus og eplesider frå Sæbø i Ryfylke

S
i
d
e
r
i
e
t

Kva er oppskrifta på ein skikkelig god sider?

Me skulle gjerne ha skrive årevis med studiar på akademier i Køln eller Bretagne, men me må nok heller innrømme at det kjem av nysgjerrigheit, ein del tid til overs, erfaring frå handverksbransjen og ein god dose lidenskap. For ikkje å snakke om råvaren, då. Eplene som heng heile sommaren på tre, spreidd utover det flott landskapet. Kvar eple blir velsigna av sol og regn – og ikkje minst brisen som innimellom blir kasta inn frå Hjelmelandsfjorden.

Den aller første Apal-sideren var eigentleg berre eit testprosjekt sjøsett av den fingernemme tømraren Dan Olav, som både eig og bur på garden Sæbø i Ryfylke. For dei som ikkje er sideralkymistar sjølv, veit kanskje ikkje at ein brukar såkalla sidereple når ein skal produsere sider. Dan Olav sin sider vart derimot laga på søte og friske eteeple, sidan dette var dei epla som fanst på garden. Likevel smakte sideren så godt at han sende han inn til eit internasjonalt sidermeisterskap. Dan Olav døypte drikka til Sølvsider og håpa på det beste. Til tross for epleutfordringar og eit navn som inneheldt sølv, vann sideren gull! Lokalpressa gjekk av skaftet, og brått var livet på Sæbø snudd opp ned. No skulle eit nytt handverk perfeksjonerast.

I etterkant av den internasjonale suksessen til Sølvsider, byrja siderkulturen i Ryfylke å skyte fart langs fjordane og oppe i dalane. Når ein har naturen på si side, er jo ikkje det så rart. 

Apal Sideri har ikkje låge på latsida, og i dag har Sølvsideren fått selskap av fleire variantar, alle fødde ut av Dan Olav sin lidenskap for lokale råvarer og godt handverk – der ingenting vert overlete til tilfeldigheiter.

Dan Olav Sæbø er 9. tippoldebarn til Elling Knutson, som kjøpte Sæbø i 1628. Dan Olav overtok garden i 2020, og satsa då på produksjon av eplesider og eplejus.

5 utmerkningar er tildelt Apal Sideri
7000 epletre
394 år i familien si eige
13 generasjoner som bonde på Sæbø

Garden

Sæbø ligg rett ovanfor Hjelmelandsvågen - kommunesenteret i Hjelmeland kommune - med flott utsikt over Hjelmelandsfjorden. Her har det vore fruktproduksjon sidan slutten av 1800-talet, og rundt gardstunet står det Gravenstein, Raud Aroma, Summerred, Rubinstep, Discovery og Raud Elstar på rekke og rad.

Apal Butikken

Vi leiker ikkje butikk, difor har me òg ein butikk der du kan kjøpe alle produkta til Apal Sideri, både med og utan alkohol. Utanom flaskene, sel me også andre lokale varer me likar godt. Her får du mykje av det du treng til helgekosen. 

Måndag - fredag: 10:00-18:00 /Laurdag: 09:00-18:00 /Sundag: stengt

Finn vegen