Eplejus og eplesider frå Sæbø i Ryfylke

Me meistrar mykje når det kjem til å handtere eplet som råvare. Difor lagar me nydeleg alkoholfri eplejus med akkurat same iver og dedikasjon som me lagar alkoholhaldig sider.

Sølvsider

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

Kloster dukkar stadig opp i historia når det handlar om drykk. Me kjenner ikkje til nokon kloster i Sæbø-traktene, men likevel har historia vår eit hint av kloster i seg. For i 1769, 160 år før metalldetektoren blei oppfunnen, gjekk fru Dahl tur rundt på Sæbø. Med sitt ørneblikk oppdaga ho ikkje mindre enn seks halsringar i sølv frå sjølve vikingtida. Sølvet, vil me tippe, vart nok røva frå eit kloster i Wales-traktene. Det var jo ganske typisk for vikingane å gjere noko slikt.

Fru Dahl mottok aldri finnarlønn for sitt funn. Men for å hylle hennar bragd for ettertida, har me laga Sølvsider. Han er basert på eplesortane Aroma og Summerred, som har vakse i området der ringane vart funne. 

Sølvsider har ein fyldig og konsentrert smak med tørr utgang. Frisk syre og faste bobler gir ein lett kremete munnkjensle. Smaken av solmodne, gule eple sit i lenge.

Passar godt til skalldyr og fisk.  

7,13 g/L syre
16 g/L sukker
8 % alkohol
Inneheld sulfitt

Kompani

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

70-talet var ei interessant tid. Ikkje det 70-talet som gav oss slengbuksa og lange snippar. Nei, me snakkar om 1770-talet. Det var på den tida Napoleon Bonaparte lærte seg å gå.

Samstundes, i dei slake liene i Sæbø-traktene, samla modige bondesoldatar seg for å danne 1. ryfylkske kompani. Dei heldt seg stort sett på denne eksersisplassen, dette kompaniet. Dei kjempa nok korkje for eller mot Napoleon nokre år seinare.

Så til minne om brorskapet og alt bondevettet som fann stad akkurat her, har me laga sideren Kompani. Ein rosésider der eplesorten Aroma møter litt bringebær i miks. Smaken er tørr, men med god fruktkonsentrasjon og eit touch av restsødme. 

6,07 g/L syre
10 g/L sukker
10 % alkohol
Inneheld sulfitt

Eris

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

Det er fortalt mang ei historie på Sæbø gard. Ei av desse historiene, som etter sigande vart fortalt av ein omflakkande skreddarsvenn på jakt etter tak over hovudet, er historia om Eris. Det er jo kanskje ikkje historia du alltid tar fram i festleg lag, eller når du treff ein engelskmann i New York. Men om du skulle treffe på ein grekar derimot, då blir det annleis. For i gresk mytologi er Eris gudinna for usemje. For oss ville ikkje det ha spelt så stor rolle, hadde det ikkje vore for at Eris starta trojankrigen på ein litt spesiell måte; ved å kaste eit gyllent eple med påskrifta «til den vakraste» inn blant gudane på eit festmåltid. Ho fekk aldri smakt sideren vår, den gode Eris, men namnet sitt på den fekk ho.

Sideren er laga av Gravenstein og Discovery. Han er frisk og knsktørr med fyldig og lang smak. Ingegrert preg av humle gir ein anelse bitterheit i avslutninga. 

8,65 g/L syre
10 g/L sukker
7 % alkohol
Inneheld sulfitt

Snøkvit

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

Prinsesse Snøkvit har fått mykje kritikk for å ta imot eplet frå den vonde stemora si. Ho burde liksom ha sett det komma. Me, derimot, forstår folk som kastar all kritisk sans på sjøen berre noko eplebasert blir servert. 

Snøkvit har en intens smak av epler. God balanse mellom syre og sukker gjer at Snøkvit issider passar både bra til mat og dessert. 

24 g/l syre
150 g/l sukker
11 % alkohol
Inneheld sulfitt

Skvist

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

Me har laga denne eplejusen slik at du skal ha noko ekstra godt i glaset når du nyt noko alkoholfritt. Epla gjer sitt. Handverket gjer resten. Me vil påstå at den passar til kva som helst!

Skvist er ein frisk og syrlig eplejus laga av modne Aroma- og Karin Schneider-eple. Lett musserande. 

Produkt 5/5

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Finn meir informasjon.