
Apal Sideri produserar frisk og fruktig eplejus og eplesider på Sæbø i Hjelmeland kommune.
Produkt 4/12
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Finn meir informasjon.
Våre opplevningar:
Apal Eksklusiv
Stikk innom
Sider og middag
Apal Eksklusiv
Apal Eksklusiv
Privat omvisning med smaking av sider, lokal spekemat og ost samt garden si historie på menyen.
Gruppestorleik: 2–30 personar
Periode: Heile året
Pris: Kr 1 990 + kr 549 per person
Stikk innom
Stikk innom
Kom innom terrassen for eit glas kald sider i sola, og nyt utsikta over Hjelmelandsfjorden. Kva dagar me har ope finn du i bookingkalenderen — der kan du òg reservere bord.
Sider og middag
Sider og middag
Ønskjer du ei heilskapleg oppleving med omvisning, sidersmaking og ein middag laga av lokale råvarer? Me kan skreddarsy ei kjekk oppleving som passar like godt for vennegjengen som for bedrifta di.
Opplevinga startar med omvisning i frukthagen og sideriet. Deretter inviterer me til smaking av dei mest populære siderane våre, servert saman med lokal spekemat og ost i Apalstova. Til slutt rundar me av med ein smakfull middag basert på lokale råvarer.
Gruppestorleik: 12–32 personar
Periode: Juni og August 2026
Pris: Kr 1399 per person
Meny: Kommer snart
Transport: kan arrangerast ved behov
Apal Stova
Vårt unike lokale, sentralt på Hjelmeland, kan leigast. Me har målt og testa, og funne ut at 32 personar er nok maks. Lokala vert kun leigt ut til alkoholfrie arrangement.
Kontakt oss for booking







